Gratulerer så mykje til Arne Farestveit med 2. plass i NM i Led yngre junior 2017.

Gratulerer så mykje til Arne Farestveit med 2. plass i NM i Led yngre junior 2017.

Kriterie for tildeling av midlar

Søkar

  • Det er kun medlemmar i Sogndal klatreklubb SIL som kan søke om tilskot.

  • Den som søkjer må ha vore medlem av SKK SIL det året det vert søkt. Vedkomande må ha tilknyting til klatremiljøet i Sogndal, og ha vore busett i eller i nærleiken av Sogndal.

  • Det er eit krav at søkjar stiller opp i konkurransar for Sogndal klatreklubb SIL.

  • Det er eit krav at søkjar nyttar klede/drakt med sponsorlogo under konkurransen.

  • Deltakar under 18 år skal i søknaden ha samtykke frå foreldre/føresatte.

  • Den som får støtte skal etter avtale med styret stille seg disponibel for å formidle erfaringar/opplevingar til medlemmane i klubben.

Kva vert dekka

  • Billegaste reiseform og overnatting vert dekka.

  • Det kan søkast om tilskot for inntil 100 % av påmeldingsgebyret og for inntil 50 % av transport- og overnattingskostnadane.

  • Køyregodtgjerdsla er kr. 4,10 pr. km.

  • Ved samkøyring vert det levert ein søknad per person. Det samla transporttilskotet vert delt likt mellom konkurransedeltakarane. Det er uvedkommande for Sogndal klatreklubb SIL korleis deltakarane sjølv avreknar dette internt og til eventuell sjåfør.

Dokumentasjon og utbetaling

Den som får støtte må i etterkant av etter konkurransen sende reknskap og kvitteringar.

Mal for søknad og budsjett/rekneskap må bli nytta.

Delta på konkurranse

Har du lyst til å delta i ein eller flere klatrekonkurransar i Noreg eller i utlandet?

Sogndal klatreklubb SIL har som mål å inspirere, motivere og rekruttere til klatring, mellom anna ved å støtte talentutvikling blant klubben sine medlemmar og gjere klubben synleg i norsk (og internasjonalt) klatremiljø. 

Søk tilskot 

Som medlem av Sogndal Klatreklubb SIL kan du søke tilskot til transport, overnatting og påmeldingsgebyr i forbindelse med deltaking i konkurransar og landslagssamlingar.

Styret i Sogndal Klatreklubb SIL behandlar søknadene. Avgjersla er endelig og kan ikkje påklagast.

Det vert gitt tilskot i det omfang, det på årsmøte/i årsbudsjettet er avsatt penger til tilskot.

I 2019 er det sett av 10.000 kr.     

Dette vert utbetalt etter førstemann til mølla- prinsippet, og det er opent for at medlemmar kan søke fortløpande.

Vil du søke konkurrensetilskot?
Ta kontakt med styret.

Sponsoravtale

Sogndal Klatreklubb SIL og Sogndal Idrettslag (SIL) har ein samarbeidsavtalene med lokalsponsorane Luster Sparebank, Lerum, og Intersport Sogndal.

"Hovedregel er at logo skal vere på alle draktsett og overtrekksdrakter som vert nytta i SIL sin regi. Uniformeringa gjeld utøvarar, trenarar, støttepersonale og andre som deltek på kamp, konkurranse, renn, trening  og andre offentlege arrangement eller som utfører arbeid/dugnad på arrangementet for SIL".

Dette vil sei at skal du delta i ein klatrekonkurranse som medlem i Sogndal Klatreklubb SIL må du nytte klede/drakt med sponsorlogo.

Sogndal Klatreklubb SIL tilbyr salg av klubb T-skjorter.
 

Ønskjer du å klatre i andre klede?
Ta kontakt med styret, så finn vi ei løysing i fellesskap. 

Det er sjølvsagt mulig å søke styret om tilskot/dekning av ev utgifter til klede/drakt med sponsorlogo.