TERMINLISTE FOR ORIENTERING 2024

Under finn du terminliste for Sogndal IL sine treningsløp og krinsløp i Sogn og Fjordane.

Meir info om barnetreningane på tysdagar finn du også på sida O-trening for barn og unge.

Treningsløp for Sogndal IL: 

OBS ENDRING:

Det blir IKKJE organisert trening i Festingdalen 9. mai grunna mangel på arrangør. Vekas løype står ute fram til 18. mai med to nye løyper i tillegg til løypene frå sist veke, så alle som vil springe orientering kan sende e-post til vekasloypesogndal@gmail.com for å få kart. Vil du finne nokon å trene med kan du skrive i facebookgruppa Orienteringsgruppa i Sogndal IL.


Treningsløp  torsdagar med fri start mellom kl 17:00 og 18.00. Påmelding ved oppmøte. Dei som ønskjer tidtaking bør helst starte før kl. 17:30.

Det er som oftast fem løyper å velje i, frå nybegynnar til ekspert:

  • Nybegynnar (1,5 km)

  • Lett øvd (2 km)

  • Vidarekomen (3,5-4 km)

  • Ekspert kort (3,5 km)

  • Ekspert lang (5 km)

Treningane passar for alle, frå familietur til kondisjonstrening. Spør arrangøren ved oppmøte for å få enkel opplæring i orientering om du ønskjer det.

Alle løpa blir annonsert med meir detaljert info om oppmøte, parkering m.m. på facebooksida vår: Orienteringsgruppa i Sogndal IL

Resultat frå løpa blir lagt ut på sida Aktuelt frå Orientering.

Familiesøndagar og aktivitetsdagar er eit ekstra løpstilbod vi har nokre helger der ein kan møte opp og springe løyper frå treningsløpet onsdagen før. Her vil vi ha litt ekstra fokus på det sosiale, kanskje grille og på anna vis lage det triveleg på samlingsplass. Og alle er sjølvsagt velkomne.

Vekas løype - når du ikkje har høve å springe på torsdagar
Løypene heng ute i minst ei veke etter treningsløpet. I tabellen for “Vekas løype” kan du sjå kor lenge postene heng ute. Du får tilgang til kart umiddelbart ved å sende e-post til vekasloypesogndal@gmail.com
PS: Det kan hende tenesta ikkje er oppdatert med vekas løype før litt ut på fredag.

Betaling: Du kan enten betale avgift for enkeltløp eller årsavgift til o-gruppa. Sjå meir info på sida Medlemsskap/treningsavgift.



UsynligO

UsynligO er gratis og tilgjengeleg for alle. Oppmodar om at de legg att namn i resultatlista på appen slik at me ser kor mykje det blir brukt.