Barneidretten tek pause i haustferien, og ønskjer alle ein god ferie i strålande haustferiever. Vi takkar for godt oppmøte så langt, og ønskjer velkomen tilbake etter ferien.
Oppstart barneidrett for dei minste onsdag 28. september
Barneidretten for dei yngste startar att i gymsalen på Trudvang onsdag 28. september klokka 1600-1700. Inngang til gymsalen er via garderobane, og trapp ned til desse er frå skuleplassen midt mellom murbygget og musikkrommet.
Vel møtt til trening!
Barneidrett tysdag 27. september
Barneidretten vil tysdag 27. september bli ute på skuleplassen på grunn av arrangement i gymsalen. Ta på kle og sko som høver for uteaktivitet.
Oppstart barneidrett 5/6-åringar
Det blir oppstart av barneidrett for 5/6-åringar tysdag 20. september klokka 17.30 - 18.30 i gymsalen på Trudvang. Vi minner om at de må nytte inngangen frå skuleplassen. Trenarar denne sesongen er Marit Kvåle Loftesnes og Ellen Blom. Vi ønskjer vel møtt til trening!
Barneidrett 5/6-åringar
Barneidretten for 5/6-åringar på tysdagar klokka 17:30 - 18:30 startar oppatt tysdag 29. mars i gymsalen på Trudvang.
Vel møtt til trening!
Barneidretten - informasjon om oppstart etter jul!
Oppstart barneidrett 2. og 3. klasse
Torsdag15. oktober blir det oppstart av for 2. og 3. klasse i gymsalen på Trudvang klokka 17.30 - 18.30. Hovedansvarleg for treningane i år er Karoline Uglum Stensby og ho har med seg Marte Bleka. Det blir hovedvekt av turn på treningane, då det er dette desse jentene har mest erfaring med. Vi ønskjer gamle og nye turnarar velkomne til trening!!!