Taekwondo

Skal baskettball og turn ekskluderast dei neste 20 åra for 12 meter?

Turn mister 1 400 kvadrat på Vesterland våren 2026. 

Der turnar 350 born og 50 born står på venteliste. 

 

Ei handballbane er 25 x 45 meter og 1 125 kvadratmeter. 

Kommunedirektøren vil tilby turnborna fattige 740 kvadratmeter.

Det betyr at halvparten av dei 350 turnborna ikkje får plass på Trudvang. Dei som står i kø er det heller ikkje plass til. 

 

Kvar skal dei 225 turnborna som ikkje får plass på Trudvang gjera av seg? 

Den minste basishallen er 500 kvadratmeter, så den vil kunne ta unna kring 100 av dei 225, men ikkje alle. Over 100 turnborn vil stå utanfor. Ekskludert pga. manglande areal. 

 

Turn vil heilt åleine fylle fleirbrukshallen på 25 x 45 meter og basishallen – heile veka.
Behovet for føreseieleg og meir innandørs idrettsareal er enormt. Det er langt større enn det som er vedteke, men vil vera eit steg i rett retning. 

 

Kommunedirektøren si innstilling på 740 kvadrat vil ekskludera minst 225 turnborn. 

Basketball og kampsport er det heller ikkje plass til. 

 

No er det opp til kommunestyret å bestemme kor mange av borna som skal bli inkludert eller ekskludert dei neste 20 åra…. 

Lyst å prøve Taekwondo?

Me har ledige plassar, både på kidsgruppe (1.-4.klasse) og på storgruppa (5.klasse->).

Storgruppa har oppstart for nye medlemmar måndag 3.februar. i Sogndal Idrettshall kl 18. 

Kidsgruppa har oppstart 6.februar på Trudvang skule kl 16:45.

Send ein e-post til bkvigdal@online.no om du har lyst å prøve. Du kan vere med på 4 treningar heilt kostnadsfritt før du bestemmer deg.

Taekwondo passar for alle aldrar og alle kroppar :) 

Vonar me sjåast!

Sjå meir her

Trening- og graderingshelg for Taekwondo

Trening- og graderingshelg for Taekwondo

Berre ei veke til trening- og graderingshelg og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum og våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi og Runar Langeteig + konkurranseteamet vårt!

Rydd helga og meld deg på! https://www.letsreg.com/no/event/sil_tkd_trening-_og_graderingshelg_januar_2024

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

NM-medaljar til SIL-taekwondo

NM-medaljar til SIL-taekwondo

Fantastisk utteljing på NM! Gull, sølv og bronse til utøvarane våre. Måndag feira me med kake på trening!

Embla, Ida, Emilie og Elin, saman med trenar og coach Runar har den siste tida trent og konkurrert i stilarten pomsae. Dei har henta heim mykje medaljar nasjonalt og kan også vise til fleire gode preasjonar i internasjonale arrangement. På NM på Sandane hamne alle utøvarane våre på pallen, og klubben har no fått sin fyrste noregsmeister.

KICKOFF 2023

KICKOFF 2023

Berre ei veke til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi, Kristin Ylvisåker og Runar Langeteig + konkurranse-teamet vårt!

Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2023

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

KICKOFF 2022

KICKOFF 2022

Berre to veker til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, vår eigen master Trond Schøyen Høgi, 9.dan Kancho Abbas Abbas Ekhtiyari og tidlegare verdsmeister i Muay Thai Tiago Mendes 💪

Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2022#init

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

Medaljar i Sommarcup for konkurranseteamet vårt!

Medaljar i Sommarcup for konkurranseteamet vårt!

I kveld fekk me delt ut dei synlege bevisa på den strålande innsatsen til konkurranse-jentene våre på sommarcupen for vel ein månad sidan. Bronse i synkron (3 utøvarar) for Ida, Emilie og Elin. Sølv individuell til Embla i sin klasse, og gull til Emilie og Sølv til Elin i sin klasse. Det har krevd mange treningstimar i sommar, og dei eldste har gjort ein strålande jobb med å instruere og pushe dei yngste. Ein som manglar på bilete er Runar. Han har gjort ein fantastisk jobb med å coache alle fire, og stått for filming og innsending. Me er godt stolte av dykk!