Velkommen til Barne- og ungdomsklatring for hausten 2022!
Da er Sogndal Klatreklubb SIL klare for å begynne barne- og ungdomsklatring.
Treningstidene er:
1. - 2. klasse onsdag kl. 17-18:30
3. - 4. klasse torsdag kl. 17-18:30
5. - 7. klasse torsdag kl. 18-20
Ungdom (8. klasse +) onsdag kl. 19-21
Det er ikkje treningar på raude dager, helldigdager og i skuleferiane,
Barne- og ungdomsklatringen er delt opp i klassetrinn. Gruppa for 1.-2. trinn vil ha fokus på leik og moro, og å verte trygg i klatreveggen. Trinnet for ungdommar vil ha fokus på trening, teknikk og styrke og difor kan det vere at nokre av 8. klassingane vil finne seg betre til rette på trinnet som er tenkt 5-7 klasse. Instruktørane vil vurdere dette fortløpande.
PRIS:
Pris barne- og ungdomsklatring:
1.-2. klasse: 700 kr.
3.-4. klasse: 700 kr
5.-7. klasse 700 kr
Ungdom: 500 kr (pga desse har dyrare medlemskap på klatresenteret har klubben redusert ned prisen deira)
NB! Frå og med hausten 2021 må alle deltakarane vere medlem av Idrettsenteret for å kunne delta på barne- og ungdomsklatring. Barn under 13 år, der 1 av foreldre har plussmedlemskap, slepp kravet om at deltakaren må vere medlem av Idrettssenteret.
Sogndal Klatreklubb har fått eigne medlemskapspris. Dette forutsett medlemskap i Sogndal Klatreklubb.
SKK Barnemedlemskap (3-12 år) kr. 149,- per mnd
SKK Klatremedlemskap ungdom kr 349,- per. mnd
For dei som vil teste ut klatring først, kan betale drop-in i resepsjonen på kr. 75,- per gang.
Årsavgift i Sogndal Klatreklubb SIL
Student: kr 150,-
Vaksen: kr 200,-
Barn: kr 50,-
Medlemskontingent SIL: kr 300,-
Faktura blir sendt utpå hausten 2022.
NB! Endringar kan kome når det kjem til tidspunkt for gruppa, avhengig av storleik på gruppa og antall intruktørar tilgjengeleg.
FACEBOOKGRUPPER
Me har ulike grupper på Facebook som brukast til kommunikasjon mellom foreldre/ungdom/instruktør/foreldrerepresentant. Me brukar også appen Spond slik at det er lettare for instruktørane å sjå kor mange som kjem på klatring.
Søk dei opp:
SIL Barneklatring 1-2 Klasse
SIL Barneklatring 3-4 Klasse
SIL Barneklatring 5-7 Klasse
SIL Barneklatring Ungdom
PÅMELDING AV FLEIRE KURS ELLER DELTAKARAR:
Sjølv om ein har delteke på barne- og ungdomsklatring for tidlegare semester må ein melde seg på igjen kvart semester.
Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller å melde på fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.
COVID-19:
Det kan bli enkelte forandringar mtp koronasituasjonen, samt det kan skje forandringar i treninga på kort varsel. Vi håpar at barn, unge og vaksne har forståing for dette. Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.
Vi følger smittevernråd frå FHI og vil tilpasse treninga om nye råd eller veiledninger skulle tilseie dette. Det er viktig at alle barn og unge berre kjem på trening om dei er heilt friske og held seg heime elles.
Forsikring
Viktig! Ein må ha meldt deltakaren inn i Sogndal klatreklubb SIL på MinIdrett før ein startar på klatringa.
Det gjerast her: https://minidrett.nif.no/
meld medlemsskap" til "Sogndal idrettslag" og gruppa "Klatring".
Ein må vere registrert i minidrett under "Sogndal idrettslag" og "Klatring" for å vere forsikra og for å kunne delta på barneklatringa.
Kontakt & påmelding
For spørsmål generelt om barne- og ungdomsklatring ta kontakt med
e-post: skk.barneogungdomsklatring@gmail.com