Kick-off 2017 blir holdt i Fylkeshallen den 2. og 3. september.
Oppstartstrening, kids og nye medlem - Taekwondo
Fyrste trening i den nye Taekwondo-semesteret vert måndag den 21. frå 18:00 - 20:00 i Idrettshallen.. Treningstida er permanent flytta til måndagar frå 18:00 til 20:00 kvar veke og treningstaden er flytta til Idrettshallen. Tidspunkt for den andre treninga i veka er enno ikkje stadfesta, men treningstidene på nettstaden blir oppdatert så snart tidspunktet er bestemt .
Oppstart for kids-treningar blir torsdag 24. kl. 16:15 til 17:30 på Trudvang skule.
Oppstart for nye medlemar blir veke 36 (Mandag 4. september blir første trening), og dei som har skrive seg på ventelista vil bli kontakta.
Invitasjon og påmelding til sommarleir 9-11.06.2017
Informasjon/Invitasjon til Taekwondo Pensum-seminar hjå Skedsmo Tan Gun
Alle medlemmar av SIL Taekwondo er inviterte til pensumseminar hjå Skedsmo Tan Gun helga 22.-23. April. Seminaret er ei god moglegheit for eit djupdykk inn i pensumet ditt til gradering og kjem til å ha eit fokus på mønster, avtalt kamp, brekking og frikamp. Det kjem og til å bli holdt ein prøvegradering på slutten av lørdagen.
NB: Alle Dan-kandidatar (1.Cup) og Dan som skal gradere seg til sommaren må delta på seminaret.
Meir info/påmeldingsskjema finn ein her.
Semesteravgift SIL Taekwondo Våren 2017
Tida er no her igjen for semesteravgifta. Fristen er 15. april, men det er sterkt anbefalt å betale så fort som mogleg sidan semesteravgifta dekker den naudsynte forsikringa i tilfelle skader under trening.
Det elektroniske skjemaet finn ein her.
Innkalling/saksliste til årsmøte i SIL Taekwondo 16.02.2017
Årsmøte i SIL Taekwondo blir holdt rett etter trening Torsdag 16.02.2017 og er opent for alle aktive medlemmar, samt foresette.
Artikkel om graderingshelga i SIL Taekwondo
FLOTT KAMPSPORT-HELG I SOGNDAL
Sogndal IL Taekwondo hadde si halvårlege graderingstilstelning på søndag.
Dette vart kombinert med ein lang laurdag tettpakka med ulike treningar med høgt kvalifiserte instruktørar.
Taekwondo, Muay Thai og K1
Vår kampsport er Taekwondo, og det er der tyngden av trening ligg, men det er alltid inspirerande å invitere inn andre kampsportar. Taekwondo, som kjem frå Korea har t.d. sterke band til den japanske karaten. No vil kanskje mange oppfatte slektskapet mellom Taekwondo og t.d. Muay Thai som fjernt, men me kjenner att grunnteknikkar og grunntankar, sjølv om anna er ulikt.
Denne gongen var det Sogn Martialarts ved verdsmeistaren Tiago Mendes og Sondre Walsvik, i tillegg til den profesjonelle K1-utøvaren Ruben Perez Mora som var spesielt inviterte.
I tillegg hadde klubben henta inn ei rekkje høgt kvalifiserte Taekwondo-instruktørar til å leie dei ulike klassane. Master Morten Sunnset Larsen (Skedsmo Taekwondo), Master Lasse Lerum (Vevring Taekwondo), PT Jason Aaron Davidson (Gjerdrum Taekwondo), Master Ragnar Furuli (Beak Ma Taekwondo, Elverum) og Robin Bergli (Tustna Taekwondo) er alle gamle kjenningar. Runar Langeteig var og heim att og køyrde trening for dei yngste tigrane våre.
Alle aldrar, alle grader
Det som er spesielt med Kampsport er at alle trenar med kvarandre. Fleire generasjonar, båe kjønn og ulike grader delar parketten. Samhaldet er viktig. Alle skal vise kvarandre respekt. Disipin er viktig, og dette er fyrst og fremst for å få effektive treningar med godt utbyte for alle. Me trenar slag og spark mot kvarandre. For å unngå skader er det heilt sentralt å ha god sjølvkontroll og godt fokus på treningane.
Gode vener
Helga handlar ikkje berre om kampsport. Det sosiale er óg viktig. Våre utøvarar får vere saman, både i treningssal og på kveldstid. For å bli god må ein ha gode treningspartnarar rundt seg, og for å trivast i miljøet treng ein gode vener. I tillegg får alle sjansen til å bli kjende med nye vener, då me har tilreisande frå mange kantar av landet. Som regel har vennelista på facebook auke etter ei slik helg, og tal kjende andlet aukar for kvar gong me dreg på besøk til andre klubbar.
Å drive kampsportklubb i utkantar
Eit stort nettverk er spesielt viktig når me bur her me bur.
På austlandet er det korte avstandar, og klubbar kan lettutveksle instruktørar. Me har ikkje den same luksusen, men med sosiale medium kan me lett hente inspirasjon og kjapt få svar på spørsmål. I vår interesseorganisasjon TAN (Taekwondo Association Norway) er det lett å spørje andre klubbar og instruktørar om hjelp, og alle stiller opp utan å ta betalt.
Gradering
Søndag var graderingsdag, og 40 av våre utøvarar gjekk opp til gradering, og alle bestod. Å halde nervane under kontroll og fullføre alle deloppgåvene i ei gradering er ein prestasjon, og alle held også eit høgt nivå, noko graderingsansvarleg Master Morten Sunnset Larsen gav uttrykk for. Dette er kjekt å høyre, og gir alle oss i klubben motivasjon fram mot sommar og nye graderingar!
Tusen takk alle for ei flott helg!
Årsmøte i Sogndal Taekwondo 16.02.2017
Tida er no komen for eit årsmøte i Taekwondo-gruppa. Innkalling finn ein her.
Program til graderingshelg 28-29.01.2017
Programmet til graderingshelga er no klart (nokre endringar kan komme).
Påmelding til graderingshelg 28-29.01.2017
Påmelding er no mogleg til graderingshelga den 28-29 Januar 2017. Program kjem i nærmaste framtid. Påmeldinga finn du ved å klikke her.
Taekwondo graderingshelg 28-29.01.2017
Datoen er sett for graderingshelga for vinterhalvåret. Den 28-29 januar blir det trening og gradering her i Sogndal. Program og påmelding kjem seinare.
Gradering for Kids-gruppa 08.12.2016
08.12.2016 blir det gradering for kids-gruppa. Graderinga byrjar klokka 16:00 i gymsalen på Trudvang. Alle som vil kan møte opp og vere i publikum.
Foreldremøte for Kids-gruppa 27.10.2016
Torsdag 27. oktober blir det foreldremøte for Kids-gruppa på Trudvang ifrå klokka 16:30.
Påmeldingskjema og program til trening- og graderingshelg ved Vevring Taekwondo
Påmeldingsskjema og program til pensumseminar ved Skedsmo Tan Gun
Semesteravgift for Taekwondo
Tid for å betale ny semsteravgift. Trykk her for å komme til registreringsskjemaet.
Taekwondo Kick-off program
No er programmet for kick-offen klart!
To Sogndøler oppnådde tittelen Master i Taekwondo!
Fredrikstad 11.06.2016
Trond Schøyen Høgi og Lasse Lerum gjekk i helga opp til 4.dan på den tradisjonelle sommarleiren i Fredrikstad. Denne graden betyr at dei kan titulere seg Master i sin kampsport.
Barndomsvener
Trass i at dei no er hovudinstruktørar i kvar sin klubb, Trond i Sogndal, og Lasse i Vevring, har dei trent saman sidan dei var svært unge. Då Trond starta var det med Lasse som instruktør. Trond var med å starte dagens Taekwondoklubb i Sogndal, og Lasse starta klubben i Vevring. Dei er båe einige om at det å få gjere graderinga saman gjorde det til ei heilt spesiell oppleving.
Tidkrevjande
Det er uråd å rekne på kor mange timar dei to har brukt på Taekwondo, for å nå det nivået dei no er på. Ikkje er det viktig heller. Det viktigaste har alltid vore gleden ved å stadig lære og meistre nytt pensum. For utlærd vert ein aldri. Og like viktig som eiga mestring er å instruere og sjå elevane utvikle seg.
Livsstil
Når ein brukar så mykje tid på idretten sin er det klart at det vert ein livsstil. Dei to har eit stort kontaktnett, i inn og utland, og med Internett er det ikkje viktig kvar i verda ein befinn seg. Det er lett å spørje andre masterar og grandmasterar, og svar får ein alltid. Dei to trekk fram master Morten Sunnset Larsen og miljøet i Skedsmo Tan Gun Taekwondo som viktige for dei to klubbane i Sogndal og Vevring.
Vennskapsklubbar
Me er med i interesseorganisasjonen Taekwondo Alliance Norway (TAN), saman med Skedsmo og tre andre klubbar, og det er viktig å ha slike vennskapsklubbar. Men ekstra gode vener er sjølvsagt me i Sogndal og Vevring. Me besøker kvarandre og trenar saman når me har anledning, og er alltid gjensidig opptekne av at det går bra for alle utøvarane våre i konkurransar og graderingar.
Sommarleir og gradering – moro, lærerikt og sommarfuglar i magen
I nydeleg solskin held 200 deltakarar hus i Kongsteen hallen, like ved gamlebyen i Fredrikstad, kjend frå årets ”Anno”.
Det kitla i magen, og eg hadde nesten ikkje lyst på frukost i dag tidleg. Men no gjer det ingenting, for eg greidde det, seier ein av dei unge deltakarane. Det kitlar i magen på oss vaksne óg, seier Olav Arild Barsnes. På eigne vegne, men sjølvsagt like mykje på dei unge sine vegne. Det er like spennande kvar gong, men du verden så moro det er å sjå mestringskjensla når dei vert applaudert av golvet etter å ha vist fram pensumet sitt. Heldigvis gjekk det bra med alle.
Nesten 50 deltakarar med foreldre og sysken har teke vegen frå Sogndal denne helga. Å gradere seg til nytt belte er sjølvsagt viktig, men like viktig er det å møtast, å bli kjend med nye vener, og å hente heim inspirasjon og kunnskap frå svært dyktige utøverar frå inn- og utland. Dette er vorte ein tradisjon. Me reiser heile familiane. Mange legg inn reservasjon på hotellrom for neste år i det dei sjekkar ut.
FAKTA OM TAEKWONDO
Taekwondo er ein Koreansk kampsport, med svært gamle røter. Teknikkane har m.a henta inspirasjon frå kampsportar i nabolanda (Karate i Japan og Kung-fu i Kina).
Taekwondo er i dag ein global internasjonal idrett og ein olympisk konkurranseidrett. Den er mellom dei 10 mest utbredde idrettar i verda, med 50 millionar utøvarar. I Noreg er det ca. 16500 utøvarar, noko som gjer Taekwondo til den største kampsporten her i landet. Direkte oversatt betyr «taekwondo» fot, hånd og kunst/veg. Tae (fot), symboliserer kroppen sine nedre deler, altså føter . Kwon (hand) symboliserer kroppen sin øvre del, altså overkroppen. Do (kunst/veg) symboliserer hovudet, det vil seie tanken eller ånden.
Kids-gradering Torsdag 2. Juni
Graderinga starter kl 16.
Det vert servering av kaker, kaffi og saft. Alle er velkomne :)
17. Mai program for Taekwondo
Til Sogndal IL Taekwondo medlemmar og foreldre
17.mai går klubben i folketoget under SIL, og eiga fane. I toget går vi i drakt. Vi stiller opp med høgste grad fremst og nedover. Ta med ei jakke/gensar/skiftetøy. Når vi kjem opp på Fosshaugane skiftar vi eller tek på oss jakke/gensar, vi skal ikkje vise overdel og belte når toget er ferdig. Premie for beste klubb i toget.
Folketoget: 15:30 oppstilling i Parkvegen (retning Lægreid hotell)
Kl. 16:00 toget går: Allmenningen - Fosstunet - Hofslund - Gravensteinsgata - Ålkrysset - Billaget - Dalavegen - Fosshaugane
17.mai har Sogndal IL Taekwondo ansvaret for leikane på Fosshaugane. Dei som er sett opp på ein leikestasjon, møter der når toget er oppe på bana. Leikane skal starte etter Nasjonalsongen.
Jobben vert slik: - organisere aktiviteten på leikestasjonen
- passe på køkulturen, slik at alle får det kjekt
- dele ut snop til premie, papir skal i bossbøttene
Dugnadsliste: - Limbo: Guri Nordheim
- Tautrekking: Kjell Olav Nordheim
- Potetløp: Forelder til Peter Storegjerdet
- Fotball "blink" rokkering i mål: Olav Arild Barsnes
- Stafett med ballongar: Alvhild Feidje
- Tennisball i bøtteblink: Viljar Sæthre Ediassen
- Ringspel: Frida Feidje Rørvik
Kontaktperson på bana: Alvhild Feidje (92068753)
Alvhild: klargjere/handle inn til leikane i forkant (handle inn premiar og lage dugnadslister)
Alvhild og Olav Arild: Sette opp leikestasjonane 17.mai etter opplegget på Trudvang er ferdig
Rydde på plass etterpå
Mvh
Sogndal IL Taekwondo