Turn

Juleferie - 2015

Jula nærmar seg, og det vert juleferie i samband med turntreningane. 

4. og 5. klasse har siste trening mandag 14. desember, og startar opp igjen mandag 11. januar. 

6. klasse har siste mandagstrening før jul 14. desember, og torsdagtrening 17. desember. 6. klasse startar opp igjen med treningane sine mandag 4. januar

7. klasse, og 8.klasse - vidaregåande skule  har siste trening onsdag 10. desember, og startar opp igjen 13. januar. 

 

Turngruppa i folketoget 17. mai

17. mai brukar turngruppa å stille i folketoget frå Parken til Campus. Vi oppmodar turnarar, trenarar og hjelpetrenarar om deltaking også i år, og håpar vi vert mange ! Turnarane må gjerne stille i turndrakt, men dette er ikkje eit krav. SIL-gensaren er også fin å bruke dersom det er kaldt, elles kan dei stille i finkleda for dagen om dei heller vil det. Oppstilling i Parkvegen kl. 15.30.

 Vi ønskjer alle ein flott nasjonaldag og god sommar! Så sjåast vi til ny turnsesong i september !

Helsing styret i SIL turn