Symjeklubben sitt årsmøte blir avvikla kl. 18:00 til 19:30 17. februar 2016 i Flostova på Campus.
Alle medlemar av symjeklubben er hjarteleg velkomne til årsmøte.
Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 1 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag vil vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.
Saklista er
1. Godkjenne dei som har stemmerett
2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
3. Velje dirigent(ar), referent(ar) og 2 medlemer til å skrive under protokollen
4. Handsame symjeklubben si årsmelding
5. Handsame symjeklubben sin rekneskap
6. Handsame forslag og saker
7. Fastsetje treningsavgift
8. Vedta symjeklubben sitt budsjett
9. Gjere følgjande val:
a) Leiar og nestleiar
b) 3 styremedlem og 1varamedlem
c) Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varamedlem for neste årsmøte
Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter skal varamedlemene veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjord i høve til stemmetal.
Valkomiteen skal veljast på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret.