Turn startar opp måndag 4. september. 3. klasse startar opp 20. september. Treningane er på Trudvang.
Treningstider og grupper:
Mandagar:
6. klasse- kl. 16.45 - 18.00. Trenarar Stillaug og Øyvind. Hjelpetrenarar Hilde og Håvard
7. klasse og oppover - kl. 18.00 - 19.15. Trenarar Stillaug og Tora. Dette er ei stor gruppe, så vi tek atterhald om at nokre 7. klassingar kan bli flytta over til 6. klasse gruppa.
5. klasse kl. 19.15 - 20.30. Trenarar Ina og Tora. Her vert det sett opp liste for foreldra, slik at det er 1 - 2 foreldre på kvar trening som er med å hjelper til.
Onsdagar:
3. klasse - kl. 19.00 - 20.00. Trenarar Øyvind og Åsmund.
Torsdagar:
4. klasse - kl. 17.30 - 18.45. Trenarar Grete Maren og Nina.
kl. 18.45 - 20.00 - ekstra treningstid for dei som skal på KM og i forkant av turnstemne.
Vi oppfordrar til at foreldre som har barn i 3. og 4. klasse melder seg som hjelpetrenarar.