Viktig informasjon om turnsesongen 2018/2019

Mange har hatt lyst til å ta til på turn med Sogndal Idrettslag, og me har diverre måtte begrensa talet plassar på somme av gruppene. Dette ynskjer me å gjera noko med, og me flyttar difor turntreningane frå Trudvang til idrettshallen på Vesterland.

Dette vil gje oss større plass å boltre oss på, og me håpar at så mange unge turnarar som mogleg vil vera med! Flyttinga gjeld for 3.klasse og oppover. Me oppmodar foreldre om å organisera samkøyring til treningane. 

Treningene startar opp i veke 36, og alle gruppene vil ha treningsdag måndag. Første trening vert altså måndag 3. september.

Førebelse treningstider er slik:

4. - 5. klasse: 17-18, 6. - 7. klasse: 18-19, 3.klasse: 19 - 20. (NB! Tidene kan bli endra, så følg med her for oppdatert informasjon fram til veke 36)

Alle nye turnarar må meldast inn via MinIdrett. Turnarar som er innmelde i MinIdrett frå førre sesong, har sin plass. For rettleiing i registrering i MinIdrett, sjå SIL sine sider: http://www.sogndalidrettslag.no/minidrett/

Minner om at alle må betale medlemsavgift til SIL i tillegg til treningsavgifta. Dette, saman med innmelding i MinIdrett, er naudsynt for at turnarane skal vera forsikra, sjå meir informasjon på heimesidene til SIL.

Spørsmål om treningstider og påmelding kan sendast til sogndalturn@gmail.com

Vel møtt til ein ny, spanande turnsesong!