Treningsløp i Hodlekve 19.juni 2019
Siste treningsløp før sommaren vart arrangert i Hodlekve. Temperatur og vær var perfekt for ein sveitteøkt i bakkane over Rindabotn! Som vanleg hadde vi deltakarar i alle aldrar, til og med ei som aldri hadde prøvd orientering før :) Ved målgang kunne alle kose seg med sjokoladebollar, og born som plumpa i myra fekk to!
Vi takkar for deltakinga denne våren og ønskjer alle saman velkomne att til hausten. Vi legg ut oppdatert terminliste så snart den er klar, og gir ein lyd til alle våre orienteringsvennar på Facebook.
Minner om at A-løype kort og lang frå løpet i Hodlekve vert hengande ute resten av sommaren. Ta kontakt på vekasloypesogndal@gmail.com om du ønskjer kart.
Resultatliste
A-løypa lang: 5,5 km
Christian Frøyd Sogndal IL - 52:47
Elise Elvehøy Sogndal IL - Fullført (gløymde brikke ;)
A-løypa kort: 4 km
Jorunn Aa Albretsen Sogndal IL - 47:54
Sverre Aasen Sogndal IL - 54:08
B-løypa: 3,5 km
Marit Grønningsæter Sogndal IL 46:07
Åsne Helleve - delteke
Sigurd Orkelborg - delteke
Silje Foyn - delteke
N-løypa
Eirik Aalbu - 56:07
Silje Aaberge Aalbu - 56:07
Jøran Lien Molland - 58:39
Ingvild Lien Molland - 58:39
Eirik Sægrov Binningsbø - 1:11:11
Jørgen Binningsbø - 1:11:11
Trygve Clarin Lunde - delteke
Torbjørn Clarin Lunde - delteke
Anna-Karin Clarin - delteke