Oppstart av Taekwondo er utsett

I tråd med nye anbefalte smitteverntiltak frå regjeringa blir oppstart av taekwondo-treningar diverre førebels utsett til ETTER 18. januar. Dvs. at det ikkje blir trening måndag 18. januar.


Med planlagt gradering i februar er det viktig at kvar enkelt utøvar sjølv prøver å halde mønster og form ved like dei neste to vekene.

Kanskje får me også til nokre økter på Teams/Zoom. Då sender me ut hyperlenke i forkant.

Med ynskje om god helse også i det nye året!

Venleg helsing
SIL Taekwondo