Kjære taekwondoutøvarar,
Håpar du har hatt ein fin sommar! Måndag 23. august startar me opp att med treningar for 5. klasse og oppover i Sogndal idrettshall på Fosshaugane.
Klesskift i garderobane bør framleis unngåast.
Generelt gjeld følgjande smitteførebyggjande tiltak:
Om du kjenner deg sjuk – hald deg heime.
Ver nøye med handvask og hygiene på trening.
Hald avstand og unngå unødvendig fysisk kontakt.
Velkomen til trening!
NB! Inntak av nye medlemer blir først i september.
Venleg helsing
Styret i Taekwondogruppa