Alle turnpartia er no fulle. Dei som har meldt seg på, men ikkje har høyrt noko frå turngruppa, står på venteliste. Dei som står på venteliste vil bli kontakta dersom det opnar seg ledige plassar dei næraste 3 vekene.
Vi beklagar at det er lange ventelister, og vi jobbar med å prøve å korte dei ned og få plass til så mange vi greier.
Dei som ikkje har høyrt frå oss innan dei næraste 3 vekene, har diverre ikkje fått plass denne sesongen. Vi kjem til å sende ut ein e-post til alle dei som ikkje har fått plass. I denne e-posten vil det óg vere informasjon om korleis ein kan få refundert medlemsavgifta i SIL.