Orienteringsgruppa ønsker velkommen til verdas orienteringsdag!
Dato: 11.mai
Tid: Kl.17 og utover
Stad: Kaupanger Idrettspark
Verdas Orienteringsdag (World Orienteering Day - WOD) arrangerast kvart år av det internasjonale orienteringsforbundet (IOF), fyrste gang 11. mai 2016 med stor suksess og over 250 000 deltakarar i meir enn 80 land. I 2022 er målet minst 250 arrangement og 40 000 deltakarar!
Hovudmålet med tiltaket er å gi flest mogleg barn og unge i heile verda spanande og inspirerande orienteringsopplevingar og å gjere idretten kjend for fleire. Orienteringsgruppa i Sogndal bidreg med å invitere til ein kjekk og sosial ettermiddag med aktivitetar, konkurranser og sosial hygge.
Aktivitetar for store og små
Vi lagar stasjonar der ein kan prøve seg på orienteringsleikar og brikkesprint. Det kjem fleire erfarne orienteringsløparar, som kan gi hjelp og rettleiing til orienteringa. Vi set også opp orienteringsløyper for dei som ønskjer det (som vanleg på treningsløp). Med andre ord er det eit opplegg som vil passe godt for både erfarne og nybegynnarar.
Ete ute ilag
Opplegget starter 17:00, og me prøver å samle oss og spise i lag 19:00. Ta med eigen mat og drikke.