Barneidrett og allidrett startar opp med treningar på Trudvang i veke 36
Barneidrett og allidrett er eit allsidig aktivitetstilbud for alle barn. Her får dei prøve ut ulike aktivitetar og idrettar med fokus på mestring og aktivitetsglede.
Barneidrett 0-4 år startar opp onsdag 6. september kl. 17.00-18.00 i gymsalen på Trudvang.
Barneidrett 5 år (førskule / siste år i barnehage) startar opp tysdag 5. september kl 17.00-17.45 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon:
Allidrett 1.-2. klasse startar opp tysdag 5. september kl 18.00-18.45 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon.
Allidrett 2.-5. klasse startar opp onsdag 6. september kl. 18.00-19.00 i gymsalen på Trudvang. Sjå Facebookside for løpande informasjon.
Kontaktperson: Ellen Eimhjellen Blom; tlf: 911 25943
Ein kan møte opp på treningane utover hausten og prøve barneidrett og allidrett utan å måtte melde seg på nokon stad på forhånd. Dersom barnet ditt ynskjer å fortsette kan de finne informasjon om innmelding i Sogndal Idrettslag her: Treningstider/treningsavgift. Innmelding i Sogndal Idrettslag gjer forsikring på treningane.
Ta kontakt med Aktivitetsguidane om du ynskjer hjelp til å finne fram, melde barnet inn i Sogndal Idrettslag, eller veit om nokon andre som treng hjelp.