Hei orienteringsvennar!
Ein ny orienteringssesong nærmar seg og vi håper at vi får sjå deg og mange fleire på våre aktivitetar denne sesongen. Følgjande aktivitetar startar vi opp med framover:
Treningsløp
Kvar torsdag frå 11/4 med fri start mellom kl. 17-18. Første løp på Røvhaugane i Sogndal. Tilbodet passar nybegynnarar så vel som ekspertar og alle aldrar. Sjekk terminlista for vidare oppmøtestad: https://www.sogndalidrettslag.no/terminliste-for-orientering
Det er gratis å delta for medlemmar i o-gruppa, men løpa er også opne for alle andre så ta gjerne med ein venn!
Vekas løype
Viss du ikkje har moglegheit til å delta på treninga så kan vi gle deg med at postane vert hengjande ute ei veke etter kvart løp. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com så får du tilsendt kart over vekas løyper i pdf-format som du kan skrive ut heime. Første løypene klare frå 11/4.
Stolpejakt / Tur-O
Sjå https://turorientering.no/, https://stolpejakten.no/ eller https://www.sogndalidrettslag.no/turorientering
Barnetrening for barn 8-14 år (2.- 8.klasse)
Tilbod i Sogndal og på Kaupanger.
Kvar tysdag kl. 17.30. Oppstart 9. april på Trudvang skule (2.-4.klasse) og Sogndal vgs (5.-8 klasse). Oppstart på Kaupanger gjennom skulekarusell torsdag 18.4 på Kaupanger skule. Les meir om tilbodet her: https://www.sogndalidrettslag.no/o-trening-for-barn-og-unge og følg med på oppdatert info her: https://www.facebook.com/groups/594731054732887/?ref=share_group_link.
I tillegg vil det skje mykje anna i løpet av sesongen: Konkurransehelger 25.-26. mai på Kaupanger og 7.-8. september i Hodlekve, Skulekarusell, Skulesprint, Verdas orienteringsveke, O-trolleirar, Finn fram-dag etc… Hald deg oppdatert via nettsida sogndalidrettslag.no og på facebook «Orienteringsgruppa i Sogndal IL»
Medlemskap i O-gruppa
Med medlemsskap i o-gruppa har du tilgang på alle våre løp og treningar gratis, og du får også dekka startkontingent på andre løp. Det er flott om du melder deg inn ved å bruke MinIdrett (VIKTIG at du kryssar av for orientering). Sjå rettleiing for medlemsskap her: https://www.sogndalidrettslag.no/medlemsskap-treningsavgift
Dei som allereie er medlem skal ha fått e-post med info om fornying og betaling av medlemsskap. Har du ikkje fått denne eller har spørsmål, ta kontakt med Robert Tellvik: robert_tellvik@hotmail.com
Medlemstalet vårt er saman med aktiviteten eit viktig grunnlag for støtten O-gruppa får gjennom idrettsforbund, sponsorar og andre for å drive aktivitet, vedlikehalde og teikne nye kart i heile kommunen og levere opplegg til skulane, kartopplæring for barn og vaksne m.m. Kvart medlem betyr difor mykje for aktiviteten vår.
Om du har spørsmål om treningsavgift eller anna kring O-gruppa, kan du sende spørsmål til robert_tellvik@hotmail.com eller Anna-Karin (leiar i o-gruppa) akclarin@gmail.com
Håper vi ses i skogen kommende sesong!
O-helsing frå styret i Sogndal IL orienteringsgruppa!