Sogndal kommune har fått utarbeidd ein rapport som vurderer moglegheitene for å byggje ut ein ny fleirbrukshall i Sogndal. Ein ny fleirbrukshall er meint å stette både skulane og idretten sine behov. Sogndal idrettslag har hatt med fleire representantar i i referansegruppa som har arbeida med framlegget.
Sogndal kommune har no motteke framlegget, og det er å byggje ut:
- Fleirbrukshall (25 x 45m) med 2 sett garderobar og minimum 100m2 lager.
- Basishall (20 x 25m)
- Skytebane, 15 meter og 10 skiver
- Sosialt rom som klubblokale og kiosk
- Parkeringskjellar
Link til rapporten finn du på Sogndal kommune si heimeside.
Sogndal idrettslag skal behandle skisseframlegget i hovudstyremøte 30. oktober 2017. Alle gruppene er oppmoda om å komme med innspel. Dersom du har tankar om framlegget, ta gjerne kontakt med styret i di gruppe slik at dei kan ta det vidare til hovudstyret.
Frist for å gi høyringssvar er 7. november.