SIL

Symjegruppa er redda - det er også eit livsviktig aktivitetstilbod!

ÅRSMØTE

Sogndal IL symjegruppa.

Årsmøtet fann stad torsdag 9.mars kl 20:00 på Høgskulebygget, 2. etasje, møterom Keiserinna.

Saksliste:
1. Konstituering og opning av møte

2. Val av
a) Ordstyrar – Svein Tore Sviggum
b) Referent - Harald Mo
c) To til å signere protokoll Elisabet Skrede og Susanne Kirkebø

3. Godkjenning av innkalling og saksliste
Godkjent

4. Årsmelding
Godkjent

5. Rekneskap
Godkjent

6. Budsjett

Godkjent

7. Val av styre
Følgjande nytte styre vart valt:

Leiar Elisabet Skrede Elisabet.skrede@hotmail.com tlf 91 86 60 50

Silje Heggestad silje@advokat-tollefsen.no tlf 91 64 40 35

Susanne Kirkebø susanne.kirkeb@gmail.com tlf 95 46 75 74

Sigrid Henjum sigrid.henjum@gmail.com 91 19 75 47

Ny styreleiar kallar sjølv inn til første møte.

8. Oppløysing og nedlegging av symjegruppa

Nytt styre valt så dette vart ikkje aktuelt

9. Eventuelle saker

Ingen

Forslag om å leggje ned symjegruppa!

Symjegruppa treng nytt styre, elles er det slutt etter over 40 år med symjegruppe i Sogndal.

Noverande styre har ingen ungar og deltek heller ikkje sjølv i aktivitetar i gruppa.

Eit nytt styre må veljast på årsmøte 9. mars 2023.

Årsmøtet finn stad torsdag 9.mars kl 20:00 på Høgskulebygget, 2. etasje, møterom Keiserinna.


Om ikkje nytt styre blir valt på årsmøte så vil det eksisterande styret foreslå nedlegging av symjegruppa.

Økonomi og aktivitet er god, men utan eit styre forsvinn dette aktivitets- og treningstilbodet.

Nytt styre i Vestland idrettskrets – Sogndal idrettslag forsatt med styreplass! 

Nytt styre i Vestland idrettskrets – Sogndal idrettslag forsatt med styreplass. 

Lilly Schøyen frå Sogndal idrettslag blei takk av etter to år i Vestland idrettskretts sitt styre, og 6 år før det i styret til Sogn og fjordane idrettskrins. 

For Sogndal idrettslag er det stas at Jan Erik Weinbach går inn i det nye krettsstyret. Med to nye år vil Sogndal idrettslag då har ein 10 års lang «tradisjon» med å «levera» styremedlemmer. 

«Viktig for idretten i Sogn å ha ei stemme og to øyrer i idrettens sitt øvste organ i Vestland fylke» svara Jan Erik Weinbach som tek opp arven etter Lilly Schøyen. 

Vestland idrettskrets sitt nyvalgte styre.

https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/nyheter/2022/nytt-styre-i-vestland-idrettskrets/

Av Janne Landås • 3. apr 2022 

På kretstinget 2. april i Førde ble følgende styre i Vestland idrettskrets valgt for perioden 2022-2024:

Leder Nils R. Sandal, Breimsbygda IL (gjenvalg), nestleder Tone Stavland, Bremnes IL, (Ny) medlem Jan-Erik Weinbach, Sogndal IL, (opprykk) medlem Jeanette Heggen, Selbjørn IL, (ny) medlem Jarl-Helmer Svanberg, Kjøkkelvik IL (gjenvalg), medlem Anne-Grethe Naustdal, Tambarskjelvar IL (gjenvalg), 1. varamedlem Marita Kristiansen, Sotra Sportsklubb (ny) og Arne Helgheim, Førde IL (ny).

Budsjettkamp i Sogndal kommune

Eg skriv for å informere om budsjettkampen som no pågår i Sogndal kommune.

Etter mange års kamp for å på plass ein basis- og fleirbrukshall er arbeidet komt i gang, og idrettslaget trudde at ein over 10 års kamp no nærma seg slutten.

Fleire av oss og i gruppene har teke til å drøyme og planleggje for utvikling og ny aktivitet :-)

Sist veke kom det difor overraskande på oss at kommunen sin rådmann no føreslår å droppe basis- og fleirbrukshallen på budsjettet for 2021.

Sogndal idrettslag sitt styre, med leiar Tonje Norheim Tangerud i spissen, set no si lit til at politikarane står ved sine vedtak og tidligare prioriteringar.

Du kan hjelpe politikarane med å hugse kvifor dei har prioritert basis- og fleirbrukshall på si 10 på topp liste.

Gå inn og like, dele og skrive nokre ord på SIL Facebook side :-)

https://www.facebook.com/Sogndal-Idrettslag-187724811273977

https://www.sognavis.no/radmannen-vil-droppa-fleirbrukshallen-men-tonje-forventar-at-politikarane-ordnar-opp/s/5-115-488151?fbclid=IwAR2vaL2T50gZchczTZ_pxGp7IV57WOO8S9RAcijiafpcZuJFfT7goPNsZCU

Stao no pao!

Tonje Norheim Tangerud

Leiar - Sogndal idrettslag

Tonje Norheim Tangerud_Ny leiar_Sogndal idrettslag_300920.jpeg

Lilly Schøyen er valt som styremedlem i det første styret til Vestland idrettskrets

Vår eigen Lilly Schøyen er valt som styremedlem i det første styret til Vestland idrettskrets 👏. Stolt idrettslag 💕 gratulera Lilly og dei andre som blei valt. Historisk dag for Vestland, idretten og vår eigen Lilly er ein del av den historia 😍

https://www.idrettsforbundet.no/idrettskretser/sogn-og-fjordane-idrettskrins/nyheter/nils-r.-sandal-vald-som-leiar-i-vestland-idrettskrets/?fbclid=IwAR3NHUdFB0K6kDDChIZTsL8BlryyE5WBOgICR4rHzWSs8asGBl_MI9mY10M

Vestland idrettskrets_Nytt styre_101119.jpg

Lerum og Sogndal idrettslag vandrar saman i tre nye år

Sogndal idrettslag er stolt og glad over å ha forlenga samarbeidet med Lerum til og med 2021.

Lerum har vore samarbeidspart med SIL i ein mannsalder og måndag 9. september vart samarbeidet forlenga med nye 3 år.

Stødige og langsiktig samarbeid gir idrettslaget naudsynt arbeidsro til å bruke mest mogeleg av dugnadstimene våre på å fylje opp og utvikle barne- og breiddeidretten. Her har Lerum vore i ein særklasse.

Handball og Lerum_110919.jpg

SIL er takksame for den ektefølte støtta frå Lerum, som har gått i arv generasjon til generasjon :-)

Difor har vi også i overskrifta valt å låne ord frå Olav Stedje si vakre balade “Vi vandra saman”.

Kjærleik til ekte varer går i arv_110919.jpeg

SIL utøvarane Myrvang og Navarsete løfta begge til gull

NM i benkpress. Nils Espeseter (t.v.) , Tommy Navarsete (midten framme), Fredrik Eskil Myrvang (midten bak), Roger Navarsete (t.h.).

NM i benkpress. Nils Espeseter (t.v.) , Tommy Navarsete (midten framme), Fredrik Eskil Myrvang (midten bak), Roger Navarsete (t.h.).

 

Fredrik Eskil Myrvang og Roger Navarsete tok begge gull under NM i benkpress i Oslo. Navarsete tok gull i vektklasse -93 kilo. Myrvang tok både gull og sette ny noregsrekord med eit løft på 180 kilo i vektklasse -59. – Det har vore ei barriere å få til 180 kg i ein konkurranse, så no må eg sette meg nye mål, seier Myrvang. Om kort tid ventar VM i Sør-Afrika. 

https://www.nrk.no/sognogfjordane/lofta-til-gull--1.13978355

Det er ikkje første gong våre utøvarar gjer det bra. 

 

App til MinIdrett gjer jobben lettare

https://www.idrettsforbundet.no/Nyhet/oppdatert-min-idrett-app-tilgjengelig/

Norges idrettsforbund (NIF) har lagt ut nyhende om oppdatert app for MinIdrett. Dei skriv

Min idrett for iOS og Android er lansert i ny versjon med nytt og forbedret utseende. NIF ønsker å gjøre det enda enklere for medlemmer og foresatte å administrere deltagelse i idretten.

Appen lar deg raskt og enkelt ordne med blant annet påmeldinger, betalinger og lisenser. Betal medlemskontingenten mens du venter på bussen, meld deg på helgens arrangement mens du står i kassekø på butikken. Og trenger du å oppdatere podens profil, så kan du gjøre dette i en fei.

Min idrett gir deg tilgang til alt dette:

  • Terminliste, påmelding og betaling til arrangement
  • Online betaling av medlemskontingent, aktivitetsavgifter og annet fra KlubbAdmin
  • Online betaling av lisens og oppgradering av lisens
  • Nedlasting av Medlemskort og Lisenskort
  • Søke medlemskap i klubb
  • Tilgang på familiemedlemmers profil
  • Kalendervisning

Last ned appen nå!