Innmelding Sogndal Klatreklubb
Det er mange som lurar på korleis ein kan bli medlem i Sogndal Klatreklubb.
Trykk HER så finn du ein bruksanvisning som hjelper deg igjennom stega på MinIdrett! :)
Sakspapirer SIL årsmøte
Nytt styre i SKK SIL
Årsmøte blei avholdt på Sogndal folkehøgskule torsdag 3. mars.
Nytt styre er valt og styret for SKK SIL består no av:
Leiar samt Medie- og kommunikasjonsansvarleg: Jakob Årman
Nestleiar: Idunn Litlere
Ungdomskandidat: Serafine Rosager og Eskil
TRAD (utvikling av klubben sitt tilbod innanfor tradisjonell klatring), samt Utstyr- og sikkerheitsansvarleg: Gusav Tøstesen.
Økonomiansvarleg: Euan Nyquist
Paraklatring: Knut Alfred Kringeland Eriksen og Christoffer Nord
Kompetanseutvkling: David Postelt og Justyna Mucha
Foreldrerepresentanter:
Randi Øyri, Nils Bjarne Drægni, Olaug Kjørlaug og Elise H. Barsnes
Innkalling til årsmøte i barneidrett/allidrett/basistrening SIL
Styret i Sogndal barneidrett/allidrett/basistrening kallar inn til årsmøte 9. mars i klasserom 02-14 på Stadionbygget, 2.etg. Fosshaugane Campus kl 19:30
Saklista følgjer under. Har du saker, kan dette meldast Ellen Eimhjellen Blom, innan 8.mars på epost: ellen.blom@hvl.no
1. Opning av årsmøtet
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Val av ordstyrar og skrivar
4. Godkjenning av årsmelding
5. Godkjenning av rekneskap 2021 og budsjett 2022
6. Val
7. Ymse
Innbyding til SSF Cup - helg i Hodlekve 5.-6. mars
Saksliste til Årsmøte i Sogndal Klatreklubb SIL
Her kjem saksliste til årsmøte i SKK SIL, torsdag 3. mars 2022.
Opning
Godkjenning av innkalling og saksliste
Val av møteleiar, sekretær og 2 personar til underskriving av referat
Årsmelding
Rekeskap og budsjett
Val av styre
Val av valnemd
NB! På bakgrunn av Freds- og solidaritetsmarkeringen som blir arrangert same dag/kveld, startar årsmøte kl 19:00 i staden for kl 18:00.
Årsmøte i SIL Taekwondo 2022
Innkalling til årsmøte i Sogndal turn
Styret i Sogndal turn kallar inn til årsmøte 3. mars i Flostova på Fosshaugane Campus kl 1800.
Saklista følgjer under. Har du saker, må dette meldast styret, ved leiar Ina K Wilhelmsen, innan 24. februar på epost: inakw@hotmail.com
Sakliste:
1. Opning av årsmøtet
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Val av ordstyrar og skrivar
4. Godkjenning av årsmelding
5. Godkjenning av rekneskap 2020 og budsjett 2021
6. Val
7. Ymse
Turntreningane går som vanleg!
I tråd med nasjonale retningsliner for smittevern, er me glade for å kunne melda at turntreningane fra og med måndag 7.2. er attende til normalen.
Dette betyr at restriksjonane og endringane me har hatt i januar ikkje lenger gjeld.
Me gler oss over å kunne ynskja alle turnarar attende til “vanlege” treningar utan oppdeling i kohortar.
Minner likevel om gjeldande reglar for smittevern, og ber om at turnarar som har symptom held seg heime.
Vel møtt!
Sogndal Alpin- Nytt freeskitilbud, treningstider mm.
Hei!
Vi i Sogndal Alpint har kommet i gang med en ny sesong, med mye kjekt i vente!
Årets nyhet er vårt freeski tilbud. Freeski er først og fremst for de som interesserer seg i lek og moro på ski. I hovedsak vil freeski ha fokus på parkkjøring, hvor vi lærer triks i luften, men også på rails (skli på rør). Vi har akkurat kommet i gang med treningene, og vi er allerede om lag 15 barn og ungdommer på hver trening!
Trening:
Både alpint og freeski vil ha treninger samtidig i vinter. Treningstiden er tirsdag 17:00 – 18:30 i Neumantrekket (Pomaheisen). Her kan det være muligheter for medlemmer å veksle mellom å bli med de to gruppene. Alpingruppen trener både med kort og lang staur. I etterkant av treningene blir det boller og varm saft, noe som både blir et sosialt samlingspunkt for alle, og ikke minst et en hyggelig avslutning på treningene fremover. Har du eller noen du kjenner et ønske om å prøve ut alpin eller freeski trening? Møt opp og delta gratis på første trening!
Treningsavgift:
For å delta på alpint- eller freeski treningene fremover må alle betale treningsavgift. Denne er på 600kr og betales via vipps til 510492, nummeret er merket Sogndal Alpint. Dersom man ikke er medlem av Sogndal idrettslag, må man også betale for medlemskap i idrettslaget. Dette skal betales inne på «Min idrett». Fra den dagen utøveren blir 13 år, må man også innenfor freeski treningene betale en årslisens. En årslisens har forsikringsmessig dekning for både konkurranse, trening, egentrening, skade- og sykdomsutredning m.m. Det samme gjelder for alpint, men her finnes det to valgmuligheter. Fra dagen utøveren er 13 år må det enten kjøpes en årslisens, ellers kan du kan kjøpe en engangslisens pr renn på 60kr. Mer informasjon om lisens for freeski og alpint finner du i lenken her under: https://www.skiforbundet.no/fagportal/skilisens/
Vi gleder oss til treningene fremover, og vi håper på å se både kjente og nye fjes!
Hilsen oss i Sogndal Alpint & Freeski
Påmelding barne- og ungdomsklatring våren 2022
Velkommen til barne- og ungdomsklatring våren 2022
Da er Sogndal Klatreklubb SIL klare for å begynne barne- og ungdomsklatring.
Treningstidene er:
1. - 2. klasse onsdag kl. 17-19
3. - 4. klasse torsdag kl. 17-19
5. - 7. klasse fredag kl. 17-19
8. - 10. klasse onsdag kl. 19-21
Gruppene er i gang allerede og vil halde fram til det er sommarferie.
Barne- og ungdomsklatringen er delt opp i klassetrinn. Alt etter kor mange det blir på dei ulike trinna kan det vere endringar mtp dager. Trinnet for ungdommar vil ha fokus på trening, teknikk og styrke og difor kan det vere at nokre av 8. klassingane vil kanskje passe betre på trinnet som er tenkt 5-7 klasse. Instruktørane vil vurdere dette fortløpande.
Klikk her for påmelding
PRIS:
Pris barne- og ungdomsklatring:
1.-2. klasse: 700 kr.
3.-4. klasse: 700 kr
5.-7. klasse 700 kr
8.-10. klasse: 500 kr (pga desse har dyrare medlemskap på klatresenteret har klubben redusert ned prisen deira)
NB! Nytt frå hausten 2021 er at alle deltakarane må vere medlem på Klatresenteret for å kunne delta på barne- og ungdomsklatring. Barn under 13 år, der 1 av foreldre har plussmedlemskap, slepp kravet om at deltakaren må vere medlem av Klatresenteret.
Sogndal Klatreklubb har fått eigne medlemskapspris. Dette forutsett medlemskap i Sogndal Klatreklubb.
SKK Barnemedlemskap (3-12 år) kr. 149,- per mnd
SKK Klatremedlemskap ungdom kr 349,- per. mnd
For dei som vil teste ut klatring først, kan betale drop-in i resepsjonen på kr. 75,- per gang.
Årsavgift i Sogndal Klatreklubb SIL
Student: kr 150,-
Vaksen: kr 200,-
Barn: kr 50,-
Medlemskontingent SIL: kr 300,-
FACEBOOKGRUPPER
Me har ulike grupper på Facebook som brukast til kommunikasjon mellom foreldre/ungdom/instruktør/foreldrerepresentant. Me brukar også appen Spond slik at det er lettare for instruktørane å sjå kor mange som kjem på klatring, samt mtp smittesporing.
Søk dei opp:
SIL Barneklatring 1-2 Klasse
SIL Barneklatring 3-4 Klasse
SIL Barneklatring 5-7 Klasse
SIL Barneklatring Ungdom
PÅMELDING AV FLEIRE KURS ELLER DELTAKARAR:
Uavhenging om ein har deltatt på barne- og ungdomsklatring for tidlegare semester må ein melde seg på igjen kvart semester.
Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller å melde på fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.
COVID-19:
Det kan bli enkelte forandringar mtp koronasituasjonen, samt det kan skje forandringar i treninga på kort varsel. Vi håpar at barn, unge og vaksne har forståing for dette. Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.
Vi følger smittevernråd frå FHI og vil tilpasse treninga om nye råd eller veiledninger skulle tilseie dette. Det er viktig at alle barn og unge berre kjem på trening om dei er heilt friske og held seg heime elles.
Forsikring
Viktig! Ein må ha meldt deltakaren inn i Sogndal klatreklubb SIL på MinIdrett før ein startar på klatringa.
Det gjerast her: https://minidrett.nif.no/
meld medlemsskap" til "Sogndal idrettslag" og gruppa "Klatring".
Følg gjerne denne rettleiinga; http://www.sogndalidrettslag.no/minidrett
Ein må vere registrert i minidrett under "Sogndal idrettslag" og "Klatring" for å vere forsikra og for å kunne delta på barneklatringa.
Kontakt & påmelding
For spørsmål generelt om barne- og ungdomsklatring ta kontakt med
e-post: skk.barneogungdomsklatring@gmail.com
Klikk her for påmelding
Årsmøte Sogndal Klatreklubb SIL
Oppstart Minicup, Skicup og Skipost 2022
Allidrett, barneidrett og basistrening vinteren 2022 - Oppstart og treningstider
Barneidrett førskole og 1. klasse
Oppstart: Tirsdag 11. januar
Vi slår sammen gruppene førskole (5 år) og 1. klasse (6 år) i vinter og alle kan velge mellom enten:
a) Skileik i Hodlekve. Tirsdager kl. 17.00. Oppmøte ved tidtakerbua på langrennsstadion i Hodlekve. Ansvarlig trener: Amund Riiser. Ta med skiutstyr (ikke alpin) og varme klær. Når skicupen i regi av langrennsgruppa starter blir barneidretten med på dette.
b) Allsidig aktivitet på Trudvang. Tirsdager kl. 18.00. Gymsalen ved Trudvang har åpnet for kveldsaktivitet, så det blir trening inne i gymsalen fra og med tirsdag 11. januar. Ansvarlig trener: Stine Askheim Liknes.
Treningen organiseres i henhold til smittevernstiltak. Ikke møt på trening ved symptomer. Bruk handsprit/vask hender.
Du finner informasjon og plan for aktiviteter her.
Allidrett 2. og 3. klasse
Treningstid: Onsdager kl 18:00 Sted: Trudvang inne i gymsalen
Oppstart: Onsdag 12. januar.
Treningen organiseres i henhold til smittevernstiltak. Ikke møt på trening ved symptomer. Bruk handsprit/vask hender.
Allidrett - basistrening 4. og 5. klasse
OBS! Endret treningstid: Onsdager kl 18:00-19:00. Sted: Idrettshallen v/svømmehallen.
Oppstart: uke 3, onsdag 19. januar.
Planen er å starte inne, med forbehold om endringer ihht gjeldende smitterestriksjoner
Ansvarlig: Torstein Bakketun Kyte
Basistrening 6.-10.klasse
Treningstid: Onsdager kl 18:00-19:00. Sted: Idrettshallen v/svømmehallen.
Oppstart: uke 3, onsdag 19. januar.
Planen er å starte inne, med forbehold om endringer ihht gjeldende smitterestriksjoner
Ansvarlig: Torstein Bakketun Kyte
Ekstraordinært årsmøte
Innlegg i Sogn Avis om basishall
Leiaren for Sogndal Turn, Ina K. Wilhelmsen, skreiv 27.10.21 eit innlegg i Sogn Avis om viktigheta av den tilrådde basishallen både for turn og andre breiddeidrettar i kommunen. Me heiar på basishall, og publiserer innlegget her, for dei som ikkje tingar Sogn Avis:
Ein etterlengta hall
Turn er i vekst i Sogndal. Me har medlemmar frå heile region, og kan i dag gi eit godt og breitt tilbod. Slik har det ikkje alltid vore. Me var tidlegare i gymsalen på Trudvang. Dette gjorde til at ikkje alle som ville turne, fekk lov. Der måtte me sette eit tak på kor mange som kunne delta på kvar trening for å unngå kaostilstandar og dårleg utbytte av ei treningsøkt. Det ga også begrensningar på kva øvelsar ein kunne trene på. Dette gjorde at mange slutta fordi ein ikkje klarte å utvikle seg meir med dei fasilitetane som var tilgjengeleg. Den no tilrådde basishallen vil kunne gi alle utøvarane utfordringar og mestring på alle nivå.
Ein av grunnane til at turn er i vekst, er at me flytta treningane til Vesterland. Arne Glenn Flåten stilte gjerne opp for oss og strekke seg langt for at me skal få gode treningsfasilitetar. Arne Glenn Flåten gjer ikkje dette for å tena pengar på at breiddeidretten i Sogndal ikkje har betre vilkår i dag. Han gjer dette fordi han, både som politikar og innbyggjar i Sogndal ynskjer at borna våre skal ha eit aktivitetstilbod å gå til. Det er ikkje alle som er interessert i ballidrett og difor er det viktig at med breidde. Breiddeidretten kan ikkje vere avhengig av private bedrifter stiller opp på dugnad for at borna våre skal ha eit godt nok tilbod.
Me i Sogndal turn er så heldige at me har fleire eldsjeler som bidreg fortsatt og har gjort det same med foreldregenerasjonen som veks opp i dag. Utan desse ville det kanskje ikkje vore eit turntilbod i Sogndal. Den nye basis- og fleirbrukshall vil gi etterlengta fasilitetar og ein utvikling av ikkje berre turn-miljøet, men også dei aller fleste idrettane i Sogndal. For oss i Sogndal turn er det viktig at alle skal føle meistring og at det skal vere ein trygg plass å vere. Difor er det med stor glede at me no ser at basis- og fleirbrukshallen blir prioritert av vår politikarar. Ein basishall som har dei rette elementa både til utvikling og meistring på alle nivå. Og fleirbrukshallen vil gi oss ei treningsflate som er sårt etterlengta.
All aktivitet er avhengig av ein infrastruktur. Ein kan ikkje forventa at ein skal få til eit godt miljø utan fasilitetar. Og breidda treng også desse fasilitetane. Etter storhallen kom, auka aktiviteten innan fotballen fordi den fekk ein arena som var tilgjengeleg 365 dagar i året. Skal me klare å fostre opp utøvarar innan andre idrettar, må me starte med infrastruktur. No treng breidda dei same vilkåra. HURRA for politikarane som har teke denne viktige slutninga
Ina K. Wilhelmsen
Leiar Sogndal turn
TIRSDAGTRENINGEN starter igjen
Oppstart langrennstrening
SIL Langrenn starter opp med trening igjen tirsdag 19. oktober i Idrettshallen - oppmøte ved inngangen til bassenget.
2. klasse og oppover har basistrening inne i Idrettshallen fra kl 18
4. klasse og oppover starter med oppvarming/intervall fra kl 17:30 og blir med på basistreningen fra kl 18:10 - NB Husk refleksvest!
Alle som skal ut på ski til vinteren - eller som bare vil bli i bedre form - er velkommen