Har du lyst til å prøve Taekwondo?

Taekwondogruppa har no plass til fleire utøvarar.

Er du nyfiken på korleis det er å trene saman med oss eller usikker på om Taekwondo er like kjekt som det ser ut til å vere, så kan du delta på fire treningar utan å betale treningsavgift. .

Me har plass til fleire på Taekwondogruppa frå 5. klasse og oppover. På Kidsgruppa, 1.–4. klasse, tek me inn i mindre puljar med litt opphald, slik at me skal få høve til å følgje opp alle.

Fyll ut påmeldingsskjemaet, så kjem de inn i systemet vårt og får tilbakemelding på kor tid de kan komme på første trening:

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto


TRENINGSTIDER våren 2019

Gruppa for 5. klasse og oppover:

SOGNDAL IDRETTSHALL

- Måndag 18:00 - 19:30.

TRUDVANG

- Fredag 16:00 - 17:30 (Opp til blå stripe/5. Cup)

- Fredag 17:30 - 19:00 (Frå blått belt/4.cup og oppover)

Gruppa for 1. t.o.m. 4. klasse – Kids Kick:

TRUDVANG

- Torsdag kl. 16:30 – 17:45

Meir frå Taekwondo