Sogndal Klatreklubb SIL inviterer til Kvam Maraton 2019!
I løpet av 12 timar, frå kl. 08.00 - 20.00, skal du og klatrepartnaren din samle flest mogleg poeng ved å klatre så mange ruter de klarer.
Det er også premie for beste kostyme :)
Oppmøte kl 08.00 på parkeringen på vestre.
Scorecard blir delt ut ved konkurransestart.
Mat og premieutdeling direkte etter maratonet kl. 20.00.
Det blir GRILLBUFFET på DAMPSKIPSKAIEN :D
Påmelding til maraton og grillbuffet
REGLAR:
Kvart lag består av 2 deltakarar.
Det vert tre klassar; damelag, herrelag og mikslag
Målet er å få flest mogleg poeng, rutene har poeng etter vanskelighetsgrad, så mange lettare ruter kan gi like mange poeng som færre harde ruter.
Deltakarane på laget kan, men må ikkje gå dei same rutene.
Kvar rute kan bli logga ein gang pr deltakar. Dvs at om ein deltakar leier ei rute frå start til topp, uten heng, fall eller å dra i slynger, får ein poeng.
INGEN TOPPTAU.
Deltakaren kan prøve å leie ei rute så mange ganger ein vil, men må sleppe til andre klatrarar om det er kø.
Om ein deltakar fell på ei kilerute, kan ein bli firt ned og starte på nytt med sikringane hengande frå førre forsøk. Kileruter gir ekstrapoeng.
Deltakar må bruke minst tre sikringar for å få godkjent kilerute.
Preklipping av slynger på første og andre bolt er lov.
Graderinga i klatreføraren er gjeldande.
Det vil vere mulig å delta i konkurransen uten å gjennomføre heile maratonet på 12 timar. Dette vil mest truleg reduserer muligheiten for å vinne, men auka deltaking skapar auka moro!