Styret kallar med dette inn til årsmøte i symjegruppa til Sogndal idrettslag.
Årsmøtet finn stad torsdag 5. mars kl 18:15 i møterommet Njuken ved SEFAL, lokalisert i 3 etg på Campus Sogndal. (Er du usikker på kvar møterommet er møter du opp ved resepsjonen til Idrettsenteret så går me i fellesskap dit).
Saker eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet må bli sendt til styret seinast 24. februar på mail til; silsymjegruppe@outlook.com.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på facebook og nettsida til symjegruppa.
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av symjegruppa i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.
Velkommen til årsmøte!
SAKSLISTE
1. Godkjenn møteinnkalling og saksliste
2. Val av møteleiar, referent og representantar til å skrive under protokollen
3. Godkjenning av årsmelding
4. Godkjenning av rekneskap
5. Vedta budsjett for 2020
6. Val av styremedlemmar