Intersport Sogndal støttar symjegruppa med å gi oss gode tilbod under klubbveka den 16.-21. mars.
Årsmøte i symjegruppa torsdag 5. mars
Styret kallar med dette inn til årsmøte i symjegruppa til Sogndal idrettslag.
Årsmøtet finn stad torsdag 5. mars kl 18:15 i møterommet Njuken ved SEFAL, lokalisert i 3 etg på Campus Sogndal. (Er du usikker på kvar møterommet er møter du opp ved resepsjonen til Idrettsenteret så går me i fellesskap dit).
Saker eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet må bli sendt til styret seinast 24. februar på mail til; silsymjegruppe@outlook.com.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på facebook og nettsida til symjegruppa.
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av symjegruppa i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.
Velkommen til årsmøte!
SAKSLISTE
1. Godkjenn møteinnkalling og saksliste
2. Val av møteleiar, referent og representantar til å skrive under protokollen
3. Godkjenning av årsmelding
4. Godkjenning av rekneskap
5. Vedta budsjett for 2020
6. Val av styremedlemmar
Meldt deg på symjekurs? Oppstart 3.februar
Me startar opp att med symjekurs mandag 3. februar. Kursa våre går over ti ganger.
Ynskjer du å delta - meld deg på til; silsymjegruppe@outlook.com
6-7 år Vanntilvenning
Mandag kl 18-18:30
Foreldra er med i bassenget
8-9 år Symjekurs
Mandag kl 18:30-19:00
Barnet må kunne stå sjølvstendig i bassenget
Det er glidande overgang frå å vere trygg i vatnet til å bli symjedyktig. Me legg vekt på å tilby kurs som treff det nivået barnet er på. Difor vil aldersnivået på kurset kun vere rettleiande. Me stiller med to instruktørar på kvart kurs og det er avgrensa tal plassar.
Oppstart av symjesesongen hausten 2020
Fyrste symjetrening att for vårt barne og ungdomsparti blir torsdag 17.september kl 16:30.
Me ynskjer alle velkomne tilbake!
Avsluttning av symjesesongen 2019
Torsdag 12. desember rundar me av ein flott symjesesong for våre barne og ungdomssymjarar. Det vil bli ei leikprega symjeøkt med forfriskningar etterpå.
Siste symjekurs for sesongen blir mandag 16. desember.
Heile 52 symjarar har delteke på våre tilbod som består av frå symjekurs, barne og ungdomssymjing og vårt reoppstarta masterparti.
Meldt deg på symjekurs? Oppstart 30.09
Me startar opp att med symjekurs mandag 30.september. Kursa våre går over ti ganger.
Ynskjer du å delta - meld deg på til; katarinasolvi@yahoo.no
6-7 år Vanntilvenning
Mandag kl 18-18:30
Foreldra er med i bassenget
8-9 år Symjekurs
Mandag kl 18:30-19:00
Barnet må kunne stå sjølvstendig i bassenget
Det er glidande overgang frå å vere trygg i vatnet til å bli symjedyktig. Me legg vekt på å tilby kurs som treff det nivået barnet er på. Difor vil aldersnivået på kurset kun vere rettleiande. Me stiller med to instruktørar på kvart kurs og det er avgrensa tal plassar.
Nytt tilbud- Bli med på mastersymjing!
Endeleg kan symjegruppa igjen tilby mastersymjing som er symjetrening for ungdom-/voksne. Har du ikkje anna å vise til enn symjeknappen, men har lenge hatt lyst til å bli ein betre symjar eller vere ein del av eit symjelag har me eit tilbud til deg.
Me startar opp eit symjeparti for deg som kan symje, men har lyst til å heve nivået ditt. Treninga vil bestå av ein kombinasjon mellom teknikktrening og ulike program for å bedre hurtigheit og uthald. Du vil få individuelle tips for å heve ditt nivå, men like viktig er det at me har det moro på trening!
Vår mastertrenar er Nikolaj Trautner, som er tidlegare landslagssymjar og elitetrenar frå Danmar. Han vil vere både symjande trenar og instruere deg frå kanten.
Den einaste forutsetnad er at du kan symje og har lyst til å utfordre deg sjølv.
Bli med torsdagar frå kl 16:30-18:00
Bli med på symjing i haust!
Symjegruppa til SIL har følgjande aktivitetar hausten 2019;
Symjetrening kvar torsdag kl 16:30-18:00
Trenarar er; Katarina Solvi Mardal og Tom Andre Moberg.
OPPSTART TORSDAG 5.SEPTEMBER
Symjekurs over 10 gonger blir arrangert kvart semester.
Vasstilvenningskurs 6-7 år
Mandagar kl 18-18:30
(Foreldre er med i bassenget)
Symjekurs 7-8 år
Mandagar kl 18:30-19:00
(Barnet må kunne stå sjølv i bassenget)
Påmelding på mail til; katarinasolvi@yahoo.no
OPPSTART BLIR ANNONSERT
Vellukka klubbmesterskap for symjegruppa
Symjegruppa arrangerte uformelt klubbmesterskap torsdag 11. april. Heile 12 symjarar deltok i mesterskapet i symjedisiplinane 50 m bryst, 25 og 50 m crawl, 25 og 50 m rygg, 25 m butterfly og medley. Takk til føresette som hjelpe til med arrangementet og stilte med forsfriskningar.
Registrering av medlemskap
Sogndal idrettslag nyttar Min Idrett som verktøy for å registrere medlemmar. Føresatte registrerar sjølv barnet sitt som aktiv deltakar hjå oss både på symjekurs og på symjetrening. Det enkleste er at foreldre registrerer seg sjølv i Min Idrett og deretter legger til barn som familiemedlemmar. På Min Idrett har du full oversikt over barnet ditt sine opplysningar og andre aktive familiemedlemmar.
Les meir om dette på nettsida til Sogndal idrettslag; https://www.sogndalidrettslag.no/minidrett/. Du finn min idrett her; https://minidrett.nif.no
Årsmøte i symjegruppa 28.02
Styret kallar med dette inn til årsmøte i symjegruppa til Sogndal idrettslag.
Årsmøtet finn stad torsdag 28. februar 2019 kl. 17.00 på Campus Helse, lokalisert i 1 etg. over Idrettsenteret. Me samlast til årsmøte medan ungane våre er i bassenget.
Saker som eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må bli sendt til styret seinast 21. februar på mail til; maybritthauge@hotmail.com.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på FB sida og nettsida til symjegruppa.
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av symjegruppa i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.
Velkomen til årsmøte!
Oppstart av symjekurs i februar
Kvart semester arrangerar symjegruppa symjekurs over ti gonger. Våre tilbod er;
Vasstilvenningskurs 6-7 år
Mandagar kl 18-18:30
(Foreldre er med i bassenget)
Symjekurs 7-8 år
Mandagar kl 18:30-19:00
(Barnet må kunne stå sjølv i bassenget)
Påmelding på mail til; katarinasolvi@yahoo.no