Styret i Sogndal idrettslag turn kallar med dette inn til årsmøte i Sogndal turn, 9. mars kl 18:00. Sjå sakliste her.
Taekwondo: Trening- og graderingshelg 28-29.januar
Då er påmeldingsskjema klart for neste helg! SIL TKD trening- og graderingshelg januar 2023 (deltager.no)
SSF Cup Hodlekverennet, 15. januar
Barneidrett og allidrett er starta opp att etter nyttår 2023!
Sogndal Idrettslag har tilbod om barneidrett, allidrett og basistrening for alle born og unge frå 0 år - 10 klasse. For meir info om treningstider og kontaktinformasjon, sjå Treningstider. Der finn du også lenker til Facebook-sider med meir informasjon om dei ulike gruppene.
Informasjon og aktivitetsplan for gruppene Førskule og 1.-2. klasse vinter-vår 2023 finn du her.
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Ellen Blom, tlf: 911 25943
Turn: Juleshow 2022
Grasrottrenerkurs rulleski
Paraklatring - Klatring for personer med nedsatt funksjonsevne
To nye masterar i SIL Taekwondo
Information in English about all-sports training for kids and youth
Sogndal Idrettslag offers all-sports groups for kids and youths from 0 years to 10th grade. You can find more information in English here.
Ventelister på turn
Oppstart barne- og ungdomsklatring hausten 2022!
Velkommen til Barne- og ungdomsklatring for hausten 2022!
Da er Sogndal Klatreklubb SIL klare for å begynne barne- og ungdomsklatring.
Treningstidene er:
1. - 2. klasse onsdag kl. 17-18:30
3. - 4. klasse torsdag kl. 17-18:30
5. - 7. klasse torsdag kl. 18-20
Ungdom (8. klasse +) onsdag kl. 19-21
Det er ikkje treningar på raude dager, helldigdager og i skuleferiane,
Barne- og ungdomsklatringen er delt opp i klassetrinn. Gruppa for 1.-2. trinn vil ha fokus på leik og moro, og å verte trygg i klatreveggen. Trinnet for ungdommar vil ha fokus på trening, teknikk og styrke og difor kan det vere at nokre av 8. klassingane vil finne seg betre til rette på trinnet som er tenkt 5-7 klasse. Instruktørane vil vurdere dette fortløpande.
Klikk her for påmelding
PRIS:
Pris barne- og ungdomsklatring:
1.-2. klasse: 700 kr.
3.-4. klasse: 700 kr
5.-7. klasse 700 kr
Ungdom: 500 kr (pga desse har dyrare medlemskap på klatresenteret har klubben redusert ned prisen deira)
NB! Frå og med hausten 2021 må alle deltakarane vere medlem av Idrettsenteret for å kunne delta på barne- og ungdomsklatring. Barn under 13 år, der 1 av foreldre har plussmedlemskap, slepp kravet om at deltakaren må vere medlem av Idrettssenteret.
Sogndal Klatreklubb har fått eigne medlemskapspris. Dette forutsett medlemskap i Sogndal Klatreklubb.
SKK Barnemedlemskap (3-12 år) kr. 149,- per mnd
SKK Klatremedlemskap ungdom kr 349,- per. mnd
For dei som vil teste ut klatring først, kan betale drop-in i resepsjonen på kr. 75,- per gang.
Årsavgift i Sogndal Klatreklubb SIL
Student: kr 150,-
Vaksen: kr 200,-
Barn: kr 50,-
Medlemskontingent SIL: kr 300,-
Faktura blir sendt utpå hausten 2022.
NB! Endringar kan kome når det kjem til tidspunkt for gruppa, avhengig av storleik på gruppa og antall intruktørar tilgjengeleg.
FACEBOOKGRUPPER
Me har ulike grupper på Facebook som brukast til kommunikasjon mellom foreldre/ungdom/instruktør/foreldrerepresentant. Me brukar også appen Spond slik at det er lettare for instruktørane å sjå kor mange som kjem på klatring.
Søk dei opp:
SIL Barneklatring 1-2 Klasse
SIL Barneklatring 3-4 Klasse
SIL Barneklatring 5-7 Klasse
SIL Barneklatring Ungdom
PÅMELDING AV FLEIRE KURS ELLER DELTAKARAR:
Sjølv om ein har delteke på barne- og ungdomsklatring for tidlegare semester må ein melde seg på igjen kvart semester.
Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller å melde på fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.
COVID-19:
Det kan bli enkelte forandringar mtp koronasituasjonen, samt det kan skje forandringar i treninga på kort varsel. Vi håpar at barn, unge og vaksne har forståing for dette. Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.
Vi følger smittevernråd frå FHI og vil tilpasse treninga om nye råd eller veiledninger skulle tilseie dette. Det er viktig at alle barn og unge berre kjem på trening om dei er heilt friske og held seg heime elles.
Forsikring
Viktig! Ein må ha meldt deltakaren inn i Sogndal klatreklubb SIL på MinIdrett før ein startar på klatringa.
Det gjerast her: https://minidrett.nif.no/
meld medlemsskap" til "Sogndal idrettslag" og gruppa "Klatring".
Ein må vere registrert i minidrett under "Sogndal idrettslag" og "Klatring" for å vere forsikra og for å kunne delta på barneklatringa.
Kontakt & påmelding
For spørsmål generelt om barne- og ungdomsklatring ta kontakt med
e-post: skk.barneogungdomsklatring@gmail.com
Klikk her for påmelding
KICKOFF 2022
Berre to veker til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, vår eigen master Trond Schøyen Høgi, 9.dan Kancho Abbas Abbas Ekhtiyari og tidlegare verdsmeister i Muay Thai Tiago Mendes 💪
Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2022#init
Me gledar oss til å sjå dykk alle!
Medaljar i Sommarcup for konkurranseteamet vårt!
I kveld fekk me delt ut dei synlege bevisa på den strålande innsatsen til konkurranse-jentene våre på sommarcupen for vel ein månad sidan. Bronse i synkron (3 utøvarar) for Ida, Emilie og Elin. Sølv individuell til Embla i sin klasse, og gull til Emilie og Sølv til Elin i sin klasse. Det har krevd mange treningstimar i sommar, og dei eldste har gjort ein strålande jobb med å instruere og pushe dei yngste. Ein som manglar på bilete er Runar. Han har gjort ein fantastisk jobb med å coache alle fire, og stått for filming og innsending. Me er godt stolte av dykk!
Oppstart barneidrett, allidrett og basistrening veke 35
Barneidrett 0-4 år startar opp 7. september kl 17-18 på Trudvang.
Barneidrett førskule (5 år) startar opp tysdag 30. august kl 17:00-17:45 i gymsalen på Trudvang.
Allidrett 1.-2. klasse (i lag i ei gruppe) startar opp tysdag 30. august kl 18:00-18:45 i gymsalen på Trudvang.
Allidrett 2.-4. klasse (i lag i ei gruppe). startar opp onsdag 31. august kl 18:00-18:45 i gymsalen på Trudvang.
2. klassingar kan velje å delta enten tysdagar eller onsdagar.
Basistrening 4.-7. klasse startar opp tysdag 30.august kl. 18:00 i Sogndal Idrettshall
Basistrening 6.-10. klasse startar opp onsdag 31. august kl 18:00 i Sogndal Idrettshall
6. og 7. klasse kan delta både tysdag og onsdag.
Ved spørsmål, ta kontakt med Ellen Blom, e-post: ellen.blom@hvl.no, tlf: 911 25943
Langrennsinfo for høsten
Turn startar oppatt i veke 35
LITT OM SOMMARLEIREN
Påmelding turn – sesongen 2022-23
Nytt styre i Vestland idrettskrets – Sogndal idrettslag forsatt med styreplass!
Nytt styre i Vestland idrettskrets – Sogndal idrettslag forsatt med styreplass.
Lilly Schøyen frå Sogndal idrettslag blei takk av etter to år i Vestland idrettskretts sitt styre, og 6 år før det i styret til Sogn og fjordane idrettskrins.
For Sogndal idrettslag er det stas at Jan Erik Weinbach går inn i det nye krettsstyret. Med to nye år vil Sogndal idrettslag då har ein 10 års lang «tradisjon» med å «levera» styremedlemmer.
«Viktig for idretten i Sogn å ha ei stemme og to øyrer i idrettens sitt øvste organ i Vestland fylke» svara Jan Erik Weinbach som tek opp arven etter Lilly Schøyen.
Av Janne Landås • 3. apr 2022
På kretstinget 2. april i Førde ble følgende styre i Vestland idrettskrets valgt for perioden 2022-2024:
Leder Nils R. Sandal, Breimsbygda IL (gjenvalg), nestleder Tone Stavland, Bremnes IL, (Ny) medlem Jan-Erik Weinbach, Sogndal IL, (opprykk) medlem Jeanette Heggen, Selbjørn IL, (ny) medlem Jarl-Helmer Svanberg, Kjøkkelvik IL (gjenvalg), medlem Anne-Grethe Naustdal, Tambarskjelvar IL (gjenvalg), 1. varamedlem Marita Kristiansen, Sotra Sportsklubb (ny) og Arne Helgheim, Førde IL (ny).